torsdag 21. oktober 2010
Gloppen folkebibliotek har vore på Facebook med eiga side ei stund. Heldigvis oppretta vi ikkje profil, etter tips frå Kjersti. Det er visstnok er ulovleg å lage profil for bedrift eller institusjon. Kva oppnår vi med å bruke Facebook? Vi når i alle fall folk heime i sofaen via Facebook, det gjer vi nok i noko mindre grad med nettsidene. Unntaket er nok hovedsida til trivselshagen.no, der vi har ei søkeboks til bibliotekdatabasen. Vi har prøvd oss fram med ulike typar statusoppdateringar, frå opningstider til rein innhaldsformidling. Det siste fungerer best når vi samtidig kan linke direkte til ei oppleving eller bilder. Då får vi kommentarar eller "Liker". Har lyst til å lage ei bokhylle med høgtlesingsbøker på bokelskere.no, den kan vere fin å marknadsføre via Facebook. Har også ein idé om ein blogg for småbarnsforeldre 0-5 år, den kan vi bl.a. linke opp frå Facebook. Andre lure ting?
Nettsamfunn
Det er nok viktig å ha ein policy både privat og på jobb for korleis ein framstår i sosiale medier. Det er jo skriftlig, og ikkje så lett å ta tilbake det ein har sagt. Kva skriv vi ikkje om? Kva typer saker vil vi framheve? Dette er vanskeleg, når vi samtidig blir bedne om å legge vekk grundigheten og forsiktigheten, og berre hive oss frampå. Dermed skal vi kanskje hive oss litt forsiktig frampå? :-)
Det er uvant å koble saman alle rollene våre i same (nett)samfunn. Det blir nesten som å leve i ei svært lita bygd, der alle kjenner alle - og det er jo på godt og vondt. Skiljet mellom de private og det offentlege er nok i ferd med å viskast ut - men det meste av det private styrer eg jo sjølv. Andre kan sjølvsagt også legge ut ting om meg og mine. Eg må tenkje igjennom kva forskjellen mellom å å vere privat og personleg er, for min eigen del....
Korleis blogge i biblioteket?
Viktig å tenkje igjennom før vi startar opp:
- tildel ansvar for satsinga på sosiale medier
- få inn bloggen/andre sosiale medier som del av biblioteket sin kommunikasjonsstrategi
- kursing av tilsette
- lag plan for å marknadsføre bloggen
- bloggvettreglar (og andre sosiale medier
- lag aktivitetsplan for bloggen
- lag metoder for å overvåke og måle suksess
- evaluere
- vidareutvikle
- tildel ansvar for satsinga på sosiale medier
- få inn bloggen/andre sosiale medier som del av biblioteket sin kommunikasjonsstrategi
- kursing av tilsette
- lag plan for å marknadsføre bloggen
- bloggvettreglar (og andre sosiale medier
- lag aktivitetsplan for bloggen
- lag metoder for å overvåke og måle suksess
- evaluere
- vidareutvikle
onsdag 20. oktober 2010
Sosiale bokmerker
Ser absolutt nytten av å bruke sosiale bokmerker, kanskje biblioteket kan bruke det i staden for lenkesamling? Eg har allereie ein privat konto på bokelskere.no - nyttig for å holde styr på kva eg les, men endå meir for å få tips om andre gode bøker ved å sjå kva liknande bokhylle-folk les. Ser for meg at vi som bibliotek kan bruke bokelskere.no til å formidle bøker, må vere kategorisert - døme: Høgtlesingsbøker for alderen 6-8 år.
Nyheitsstraumar og iGoogle
Dette var verkeleg interessant! Personifisering av nettsider hjelper veldig i jungelen av informasjon. Dette er jo veldig nyttig privat, og nyttig å vite om dette på jobben også. Alt vi veit om informasjonssamfunnet og sosiale medier, kan kome brukarane våre direkte eller indirekte til gode.
Direkte kommunikasjon
Eg brukar vanlegvis kun chattemulighetene i Facebook, og har vore innom Messenger ein periode. Samt sjekka ut Biblioteksvar sin chat. No har eg prøvd G-talk og Skype :-) Ligg litt etter på kurset, men synes det er moro! Gledar meg til i morgon.
tirsdag 5. oktober 2010
Oppgåve om blogging
Jammen fikk vi satt av litt tid til dette, men oppdagar fort at dette er jo svært mangfoldig - mykje å sette seg inn i. Glad for at eg har muligheten til å oppdatere meg på dette området. Eg byter litt mellom bærbar PC og stasjonær, men ser at det kan vere greit å holde seg til den bærbare pga programvare vi installerer, til dømes Skype. Eller eg må installere på begge. Har ikkje mikrofon til den stasjonære, må skaffe det :-)
Tips frå Kjersti: Avslutt innlegget med eit spørsmål
Kjersti har lært av ungdomane at det er smart å avslutte blogginnlegget med eit spørsmål, slik at dialogen kjem i gang. Så kva synes du om det? ;-)
Kvifor denne bloggen?
Føremålet med denne bloggen er å skrive noko om det eg lærer undervegs, og kommunisere md dei andre på kurset. Det blir nok ei brattare læringskurve enn eg trudde på førehand, for eg syntes eg hadde bra oversikt over 2.0 - det var jo feil, kan ein seie. Så dette er veldig bra! Denne kunnskapen har eg bruk for. Formen er uvant! Eg må nok lage ein del innlegg før eg veit korleis stemma mi skal lyde - korleis stilen min skal vere. Så dette er mine første blogg-steg...
Eg er i gang!
Dette er min aller første blogg i den uverkelege men akk so verkelege verda - som visstnok smakar litt av web 2.0. Iiiiiiiha!
Dette var jo ikkje så vanskeleg. Litt uvant å ytre seg utan å tenkje så mykje gjennom kva ein skriv først, det kjennast litt skummelt. Men eg skal øve meg, øve øve øve meg i å vere umiddelbar, på godt nynorsk.
Dette var jo ikkje så vanskeleg. Litt uvant å ytre seg utan å tenkje så mykje gjennom kva ein skriv først, det kjennast litt skummelt. Men eg skal øve meg, øve øve øve meg i å vere umiddelbar, på godt nynorsk.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)