torsdag 18. november 2010

Oppsummering av kurset

Dette kurset kan ein ikkje klare seg utan som bibliotekar i dag - kan eg seie no når eg veit kva kunnskap ein tileignar seg på kurset. Anten ved at vi tek kurset sjølv, eller ved å lære av kollegaer som har teke kurset.

Dette meiner eg fordi
1) biblioteket har eit tydeleg samfunnsoppdrag, og når samfunnet forandrar seg må vi følge med for å kunne løyse dette oppdraget
2) stadig fleire av brukarane våre brukar sosiale medier. Biblioteket må kommunisere med brukarane på den arenaen dei er - anten det er i lokalavisa, på e-post, Facebook, Twitter, Origo eller i bloggosfæren. Vi må vite korleis ein deler podkast, film og musikk - og kunnskap på wikiar.
3) biblioteka er i endring, og ballen rullar stadig fortare. Vi må ha kunnskap for å kunne henge med og tilpasse oss nye rammevilkår - utan å miste samfunnsoppdraget av syne.

Eg trudde eg hadde nokonlunde god oversikt over sosiale medier før kurset, men har fått fleire aha-opplevingar. Har også fått senka terskelen for å ytre meg på nettet betraktelig. Samtidig er de viktig å vite om utfordringane ved dette.... Det har vore moro og interessant å delta, og ikkje minst har det vore sosialt. Fint med kafédiskusjonen til slutt. Har blitt kjend med nye folk, og hatt det kjekt. Det har vore ei utfordring å finne tid til å gjere leksene undervegs. Første målsetting framover er å formidle det har eg lært til kollegaene mine. Deretter må vi diskutere kva vi vil satse på framover. I dag brukar vi Facebook i biblioteket, men må vurdere andre sosiale teknologiar. I mellomtida skal eg halde varmt det eg har lært i privat sammanheng, ved å opprette ein blogg for vårens russetreff - og ved å dele dokument i Nettsky til bygdakvelden i februar.

Håpar på eit mindre oppfriskingskurs + oppdatering om eit års tid. Eg skal sjølvsagt prøve å følge med så godt eg kan, men det er nyttig å møtes og få ei felles oppdatering - slik kan vi lettare samarbeide biblioteka i mellom.

tirsdag 16. november 2010

Wiki

Wiki er vel det kursemnet eg følte eg hadde mest kunnskap om på førehand. Er vant til å bruke Wikien til MikroMarc, og sjølvsagt Wikipedia på ulike språk. Det er derimot uvant å endre i sider på wiki, og ikkje minst opprette sin eigen. Dette kan biblioteket heilt sikkert bruke på mange måtar, frå lokalhistorisk informasjon på wikipedia, til eigen wiki med lesetips? Vi kan også informere om at alle kan bidra med informasjon om saker ein veit noko om.

Podkast

For biblioteket trur eg det er mest nyttig å vite om mangfoldet av podkasts, ikkje å lage så podkast sjølv - og å kunne formidle denne kunnskapen både direkte og indirekte ved å gjere folk oppmerksomme på podkast via sosiale medier. Små bibliotek har nok ikkje ressursar til å lage sin eigne, men kveit veit - kanskje dukkar det opp noko spesielt som er viktig (og enkelt) å ta eit lydopptak av - og tilby det som eit podkast. Fint å kunne bruke andre bibliotek sine podkastar. Biblioteket skal jo stimulere til nysgjerrighet på alle slags tema, så vi kan jo sånn sett gjere folk oppmerksomme på kva som helst av lure ting der ute....

Har lagt til podkasts på min Igoogle, men har problemer med å få NRK sine lydpodkast og videopodkast til å fungere. Dei kjem fram på sida, men det går ikkje an å spele dei av ved å klikke på linken. Bokpodkast frå Vestre Toten fungerer brillefint!

Julestemning frå Stadt


Julestemning frå Stadt
Originally uploaded by akflotre

mandag 15. november 2010

YouTube

Det er innhaldet i filmane som er avgjerande for om dei kan brukast i biblioteksamanheng - OG at vi brukar sosiale medier som kan formidle desse og skape dialog. Så gjeld det å følge med då, og få med seg kva som fins av filmsnuttar vi kan bruke.

Filmsnutt frå Youtube.com

Lesing gjer deg meir kreativ, berre sjå her:


Bilde frå Flikr

Klarte det!

Flickr

Her er eit bilde eg har teke sjølv, på sparketur i den blå timen julafta 2009. Turen blei avslutta av at kyrkjeklokkene ringde jula inn, og vi kunne gå inn til pinnekjøtlukta - med raude roser i kinna. Eg har prøvd å bruke Picnic for å beskjære bildet og tilpasse skarphet, det var enkelt å bruke. Men kor hen skal eg legge til URLen til bildet her i bloggen? Har prøvd meg på Kobling og Vedleggskobling, men URLen er for lang. Men no fann eg ut av det, eg skulle jo først tillate Flikr å poste til min blogg.

Tagging av bilete liknar litt på å bruke marc-tag'en 653, der er det jo fritt fram å bruke ikkje-godkjende emneord for å betre gjenfinninga.

onsdag 10. november 2010

Twitter

Dette var overraskande interessant. Må innrømme at eg hadde mist interessen for Twitter, sidan eg tidlegare har oppfatta det som altfor hektisk - og at det krev at du "på" heile tida. At Twitter faktisk er ein mikroblogg, gjorde at eg begynte å tenke litt annleis om dette. Det er annleis å tvitre enn å oppdateringe statusen på Facebook, sidan det er asymmetriske relasjonar på twitter - ein treng ikkje å kjenne kvarandre, eller godkjenne veneforespurnad for å kunne lese ytringar. Men som folkebibliotek og institusjon på Facebook - med ei side, ikkje ein profil - vert det jo ganske likt likevel. Der snakkar vi til alle som har klikka på "Lik dette", og det er jo asymmetrisk relasjon... Eg visste ikkje at ein kan tvitre kun til ein person med @, heller ikkje at det er ein chat der, som ein aktiverar med D framfor twitternamnet. Hashtags # er jo i god bibliotekarånd, frie emneord aukar gjenfinningsgraden. Litt usikker på kor mange av brukarane våre som er på Twitter, det er jo avgjerande for om vi skal velge å bruke tid på dette.

onsdag 3. november 2010

Origo

No har Kjersti og eg utforska Origo i lag. Veldig nyttig å vere to, då oppdagar vi fleire funksjonar og kan teste dei ut i lag - til dømes å invitere medlemer inn i kretsen. Origo liknar ganske mykje på Facebook, og har også ei statuslinje. No når ein kan lage grupper på Facebook blir dette veldig likt sonene på Origo. Plundra litt med å søke opp soner, måtte gå via arrangement eller folk for å finne Breim. Har brukt Origo tidlegare for å legge inn arrangement for Gloppen musikkfest, mest fordi ein får gratis spalteplass i FIRDA på denne måten. Får gjerne stort oppslag dersom ein brukar bilder. Har lagt inn eit arrangement på Gloppen folkebibliotek (Speling i biblioteket). Har leita etter folk frå Gloppen på Origo, men fann skuffande få. Inntil det er fleire lokale medlemer der, vil vi nok kun bruke dette for å få gratis spalteplass i FIRDA, og dermed merksemd om arrangementa våre.