torsdag 18. november 2010

Oppsummering av kurset

Dette kurset kan ein ikkje klare seg utan som bibliotekar i dag - kan eg seie no når eg veit kva kunnskap ein tileignar seg på kurset. Anten ved at vi tek kurset sjølv, eller ved å lære av kollegaer som har teke kurset.

Dette meiner eg fordi
1) biblioteket har eit tydeleg samfunnsoppdrag, og når samfunnet forandrar seg må vi følge med for å kunne løyse dette oppdraget
2) stadig fleire av brukarane våre brukar sosiale medier. Biblioteket må kommunisere med brukarane på den arenaen dei er - anten det er i lokalavisa, på e-post, Facebook, Twitter, Origo eller i bloggosfæren. Vi må vite korleis ein deler podkast, film og musikk - og kunnskap på wikiar.
3) biblioteka er i endring, og ballen rullar stadig fortare. Vi må ha kunnskap for å kunne henge med og tilpasse oss nye rammevilkår - utan å miste samfunnsoppdraget av syne.

Eg trudde eg hadde nokonlunde god oversikt over sosiale medier før kurset, men har fått fleire aha-opplevingar. Har også fått senka terskelen for å ytre meg på nettet betraktelig. Samtidig er de viktig å vite om utfordringane ved dette.... Det har vore moro og interessant å delta, og ikkje minst har det vore sosialt. Fint med kafédiskusjonen til slutt. Har blitt kjend med nye folk, og hatt det kjekt. Det har vore ei utfordring å finne tid til å gjere leksene undervegs. Første målsetting framover er å formidle det har eg lært til kollegaene mine. Deretter må vi diskutere kva vi vil satse på framover. I dag brukar vi Facebook i biblioteket, men må vurdere andre sosiale teknologiar. I mellomtida skal eg halde varmt det eg har lært i privat sammanheng, ved å opprette ein blogg for vårens russetreff - og ved å dele dokument i Nettsky til bygdakvelden i februar.

Håpar på eit mindre oppfriskingskurs + oppdatering om eit års tid. Eg skal sjølvsagt prøve å følge med så godt eg kan, men det er nyttig å møtes og få ei felles oppdatering - slik kan vi lettare samarbeide biblioteka i mellom.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar