onsdag 10. november 2010
Dette var overraskande interessant. Må innrømme at eg hadde mist interessen for Twitter, sidan eg tidlegare har oppfatta det som altfor hektisk - og at det krev at du "på" heile tida. At Twitter faktisk er ein mikroblogg, gjorde at eg begynte å tenke litt annleis om dette. Det er annleis å tvitre enn å oppdateringe statusen på Facebook, sidan det er asymmetriske relasjonar på twitter - ein treng ikkje å kjenne kvarandre, eller godkjenne veneforespurnad for å kunne lese ytringar. Men som folkebibliotek og institusjon på Facebook - med ei side, ikkje ein profil - vert det jo ganske likt likevel. Der snakkar vi til alle som har klikka på "Lik dette", og det er jo asymmetrisk relasjon... Eg visste ikkje at ein kan tvitre kun til ein person med @, heller ikkje at det er ein chat der, som ein aktiverar med D framfor twitternamnet. Hashtags # er jo i god bibliotekarånd, frie emneord aukar gjenfinningsgraden. Litt usikker på kor mange av brukarane våre som er på Twitter, det er jo avgjerande for om vi skal velge å bruke tid på dette.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Her har du fått med deg mykje! Einig i siste kommentaren din. Det er kanskje ikkje så mange bibliotekbrukarar på Twitter i vårt fylke(?), så Twitter for biblioteket sin del må jo vere for å halde seg oppdatert på kva som skjer elles og hjå andre. Eller å syne at biblioteket er skikkeleg hipt og framme i den moderne web 2.0-verda! ;) Eg meiner sjølv at Twitter kanskje er mest aktuelt for privat bruk for å følgje med og verte fagleg oppdatert, enn så lenge i alle fall.
SvarSlett